Lotteri- og stiftelsestilsynet ligg i Førde. Hos oss jobbar det nesten 90 engasjerte kollegaer, innan mange ulike fagfelt. Vi er éin samla arbeidsplass, men består av to tilsyn: Lotteritilsynet og Stiftelsestilsynet.

Alle stillingane vi legg ut blir publisert på finn.no, nav.no og hos framtidsfylket.no.

Hos oss jobbar det ei god blanding av nytilsette og rutinerte travarar, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Blant våre tilsette finn du juristar, økonomar, samfunnsvitarar, utviklarar, arkivarar, IT drift, kommunikasjonsfolk – og mykje meir! Det gir eit tverrfagleg og spenannde arbeidsmiljø.

Fleksibel arbeidsplass

I Lotteri- og stiftelsestilsynet vil vi at arbeidstakarane skal ha ein god balanse mellom arbeid og fritid. Du skal kunne tilpasse arbeidsdagen til livet ditt. Difor har vi fleksitid, med kjernetid mellom 09 og 14.30.

I vinterhalvåret har vi to timar trening i arbeidstida. I sommarhalvåret er det ein time i veka, men då er arbeidsdagen slutt klokka 15. Vi har eige trimrom på huset, felles gruppetimar og fri tilgang til Sunnfjord Spa. Der er det både svømmebasseng og treningsrom, i tillegg til sjølve spaet. Heller vere ute? Ein god gjeng spring intervallar saman tysdagar. Og onsdagar er det fleire som buldrar saman på klatresenteret.

Kantine med lunsj og heimekontor

Kontorlokala våre ligg midt i Førde sentrum, med gratis parkering i kjellaren. Vi har kantine med lunsjordning kvar dag, og med varmmat måndag og torsdag. Etter lunsj er det mange som blir med på den faste quizzen i kaffibaren.

Jobbe litt heimefrå? Ingen problem, her får du moglegheit for å jobbe nokre dagar frå heimekontor.

God pensjonsordning

Gjennom medlemskap i Statens pensjonskasse får våre tilsette tilgang til ein av marknadens beste pensjonsordningar.

Kva gjer vi?

Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske stiftelsar og norske pengespeltilbydarar driv i samsvar med lova. Og vi skal stenge dei ulovlege pengespeltilbydarane ute frå Norge. Dessutan forvaltar vi fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.

Les meir om kva vi jobbar med her.

I videoen under blir du litt betre kjent med arbeidsplassen. OBS! Du må samtykke til bruk av informasjonskapslar for å kunne sjå videoen. Du kan endre samtykket ditt ved å klikke på nøkkellåsen nede til venstre.

Flytte til Sunnfjord?

Ein ting er jobben, men vel så viktig er jo resten av livet! Lurer du på korleis det er å bu her? Stadig fleire ser fordelar med det naturbane. Ja, du las rett. Her får du urbant byliv, kombinert med fjord og fjell. Førde ligg i Sunnfjord kommune, som ligg i regionen Sunnfjord. Her kan du lese meir om korleis det er å bu og leve i Sunnfjord.

Bildet viser tre blide kollegaer i ei gate i Førde sentrum. Marie Havnen, Øystein Fosstvedt og Ingunn Kvåle.
Marie Havnen jobbar med kommunikasjon og strategi, Øystein Fosstvedt er jurist hos Stiftelsestilsynet og Ingunn Kvåle jobbar med organisasjon og personale.